Voss Open

Har du ein låt, dikt, eller noko du vil framføra på ein lågterskel scene? Kom til Open Mikrofon på Voss!

Låg terskel, laus jakka! ;-)

Følg oss opp på Facebook og Instagram for oppdateringer og nyheter.

Kva er Voss Open?

Voss Open er sidan 2019 eit frivillig jam-laug med base på, men ikkje begrenset til, Gamlekinoen på Voss. Laugsmålet er å fremje ein lågterskelarena for musikk, kunst og fellesskap gjennom jam-arrangement og opne sceneopplevingar. Arrangementa er opne for alle, uavhengig av erfaring eller sjanger, og legg vekt på inkludering og samhald i lokalsamfunnet. Sidan oppstarten har Voss Open tiltrekt seg både nybyrjarar og erfarne musikarar, og har blitt ein viktig del av kulturlivet på Voss.

Lauget består av om kring 15 frivillige med Tor Øyel Bidne Kvitne, Sigurd Tveit, Bastiaan Wassenaar og Silje Svartveit i spissen.

Har du lyst til å bidra? Ta kontakt med oss via Facebook eller send oss ein gammaldags e-post på voss.open@gmail.com.

Følgjande spelereglar gjeld for open mikrofon-kvelden:

  • Alle er velkomne til å delta.
  • Kvar framføring kan vere maksimalt 10 minutt (eller 2 sanger).
  • Vis respekt for dei andre deltakarane.
  • Innhald som er krenkjande eller støytande er ikkje tillate.
  • Arrangøren har siste ord dersom det oppstår tvil eller usemje.

🎤 Alle kan opptre

Meld deg på same kvelden eller på førehand. Alle nivå er velkomne.

🎶 Alle sjangrar

Musikk, ordkunst, komikk, forteljing — ta med det som rører deg.

🤝 Eit ekte fellesskap

Eit støttande publikum som heiar høgt og lyttar godt.

Komande kveldar

Gamlekinoen er dessverre stengt for tida. Me kjem tilbake med nye datoar og plass snarest mulig!